Sigvor 70 år

Sigvor Mortensbakke fylte 70 år i februar 2013. Ho er instruktør
for onsdagsdansen i Naustdal og tok ikkje fri, men feira saman med dansarar og spelemenn.
01 Sigvor

Sigvar Mortensbakke har leia onsdagsdansen i 25 år og tok ikkje fri frå jobben på åremålsdagen.

Sigvor Mortensbakke tok ikkje fri frå jobben som danseleiar for onsdagsdansen i Naustdal då ho fylte 70 år. I tillegg til å leie dansen spanderte ho også bløtkake på alle dei 80 dansarane og musikken som var med denne kvelden.
02 Sigvor spanderte kake

Sigvor Mortensbakke som fylte 70 år onsdag spanderte bløtkake på alle dei 80 dansarane som var med på onsdagsdansen i Naustdal.

Det heile starta i skulen i Frammarsvik med ein mindre gjeng for kring 25 år sidan. Så vart den gamle skulen brannskada og dansekveldane vart flytta til Fosshalla i Naustdal der det vart samarbeid med Naustdal Ungdomslag om lokale og Naustedalen Spelemannslag som sytte for musikken. No auka det på med dansarar og skulen i Frammarsvik vart for liten då den stod ferdig, slik at onsdagsdansen har halde til i Fosshalla sidan. Sigvor har fått Naustdalsprisen for arbeidet med dansemiljøet i Naustdal. Men dansarane kjem ikkje berre frå Naustdal, - heile midtre Sunnfjord er representert med 70 til 90 dansarar kvar onsdag.
03 Tale til Sigvor

Det vart både gåver og godord og m.a. Elbjørg Vassbotten heldt tale for jubilanten.